Om nettstaden
Informasjon om www.bomlo.net
Bakgrunnen for samarbeidet er at ein i størst mogleg grad skal unngå kollisjon av større arrangement, evt. at ein samarbeidar slik at publikum får ein totaloppleving med fleire arrangement. Difor har samarbeidspartnarane fleire møter i året.
Arrangement med billettsal vert lagt ut på www.bomlo.net. Har samarbeidspartnarane arrangement utan billettsal kan desse også verta lagt ut på denne nettstaden. Dersom dei har mindre arrangement vert informasjon om desse lagt på eigne nettsider.
Denne nettstaden skal vera sjølvfinansierande. Eit driftstyre er ansvarleg for innhaldet.
Er det berre samarbeidspartnarane som kan selja billettar på www.bomlo.net?
Samarbeidspartnarane i bomlo.net ønskjer andre arrangørar velkommen til å bruka billettsystemet. Ta kontakt på post@bomlo.net.
Alle som skal stå for arrangement med billettsal kan få nytta nettstaden til dette, men arrangøren må betala kr. 1000,- for å kunne nytta seg av billettsystemet. Prosjektet er sjølvfinansierande, og det vert difor eit lite tillegg i billettprisen for å dekka kostnaden med nettstaden. Er du interessert i å nytta deg av billettsystemet vårt, ta kontakt via epost eller via kontaktskjemaet vårt .Korleis kjøpa billettar?
Billettar til arrangementa som ligg på www.bomlo.net kan publikum kjøpa direkte frå nettsida eller hos ein av dei til saman seks utsalsstader:

- Bremnes Auto, Svortland
- Bømlohallen, Svortland
- Bømlo Hotell, Rubbestadneset
- Rubbhallen, Rubbestadneset
- Langevåg Bygdatun, Langevåg
- Moster Amfi, Moster
Samarbeidspartnarane
Nettverket av kulturtilbydarar som står bak www.bomlo.net er samansett av følgjande:
Kontaktskjema for innmelding av arrangement.
Kvifor namnet www.bomlo.net?
Kulturen på Bømlo er kommen på nett, noko som er gjort mogleg ved at samarbeidspartnarane har danna eit nettverk som er synleggjort gjennom denne nettstaden.
Omgrepet nettverk er "funne opp" på Bømlo av den engelske sosialantropologen John Barnes som i 1954 reiste til Bømlo for å studera formelle og uformelle kommunikasjonslinjer mellom innbyggjarane. Korleis dette kunne framstillast billedleg fann han løysinga på ein dag han sat nede på bryggja og såg på fiskegarn som hang der. Knutene i fiskegarna skulle symbolisera innbyggjarane, medan trådene kunne symbolisera samhaldet mellom desse.




