Klikk her for å lese mer om Svortland Klikk her for å lese mer om Brandasund Klikk her for å lese mer om Rubbestadnestet Klikk her for å lese mer om Finnås Klikk her for å lese mer om Lykling Klikk her for å lese mer om Mosterhamn Klikk her for å lese mer om Langevåg Klikk her for å lese mer om Espevær
Fiol.
(Klikk på bildet for større format) Solnedgang.
(Klikk på bildet for større utgave) Klikk på kartet for å lesa meir om staden!

Kart over Bømlo

Om Bømlo

Bømlo kommune er ein kommune langt vest og langt sør i Hordaland fylke, med til saman over 1000 mindre og større øyer, landemerket Siggjo og omlag 11 000 innbyggjarar.

Kommunen er kjend for mykje pionerånd og mange gründerar, veldrevne bedriftar og eit optimistisk næringsliv, mange bedehus, sterke historiske røter, ein storslagen og variert natur, både over og under vatn. Sist, men ikkje minst, er Bømlo kjend for eit mangfaldig og rikt kulturliv.

Bømlo vart landfast i 2001, då Trekantsambandet vart opna. I dag er det berre ei ferje igjen, som trafikkerar frå Langevåg til Buavåg. Mellom Eidesvik og Espevær går "Espeværsekspressen". Hurtigbåt har stoppestad på Rubbestadneset og Moster.

Eit hotell er det i kommunen, Bømlo Hotell, i tillegg til at Olavskulen folkehøgskule tar i mot overnattingsgjestar. 

I kommunen er det fem tettstader; Langevåg, Finnås, Moster, Rubbestadneset og Svortland. Sistnemnde stad er kommunesenteret med m.a. rådhus, lensmannskontor og mange butikkar. Bilde frå og informasjon om dei fem nemnde tettstadene, i tillegg til nokre fleire stader, kan du finna ved å klikka i kartet ved sida av.

Bømlo kommune er ansvarleg for turistinformasjonen i kommunen. Turistinformasjonen finn du på kundetorget i rådhuset på Svortland i opningstida deira.

Finnåsvatnet. 
Foto: B. Himle. 
(Klikk på bildet for større utgave) Utsikt frå Siggjo sørover mot Bømlafjorden.
Foto: B.Himle.
(Klikk på bildet for større utgave)
Sommarblomar.
Foto: B. Himle
(Klikk på bildet for større utgave) Tidleg sommarmorgon.
Foto: B. Himle
(Klikk på bildet for større utgave)

Bømlo Hotell Bømlohallen Langevåg Bygdatun Moster Amfi Rubbhallen