Elin Furubotn / Torbjørn Økland

Elin Furubotn er songar, tekstforfattar, komponist og gitarist. Ho er fødd i Tydal, har budd i Stavanger, og bur no i Oslo.

I ei lita bygd på Tonstad i Sirdal har ho ei gammal, raud skrivestove der ho trekkjer seg tilbake for å skapa musikken sin. Tekstane ber preg av naturen, med fjella og elva som inspirasjonskjelder. Musikken hennar er ei samansmelting av viser, pop, rock, folketonar og jazz. Tekstane skildrar kvardagssituasjonar med humor, alvor og ettertenksomhet.

Elin Furubotn er kanskje mest kjent for radiohiten Så lett det kan ver, som ho gjorde saman med Morten Abel. Fleire av Elin sine låtar, som I det stilla og Slepp tvilen fri, har hatt høg rotasjon på NRK P1. I 2012 vant ho ein Indie Award i USA (Colorado) for beste album, i kategorien pop, med Heilt nye vei. I Tyskland har ho fått varm mottaking og strålande anmeldelsar for sine songar på norsk. Elin Furubotn har gitt ut sju album.

No kjem ho til Moster saman med gitaristen Torbjørn Økland, som var med og starta Vamp, og i 2015 starta Blest saman med Paul Hansen og Carl Øyvind Apeland.
Elin Furubotn og Torbjørn Økland har spela mykje saman dei siste åra m.a. på Egersund visefestival, Josefine Viseklubb, Kulturnatt og i ulike kulturhus.

Vel møtt til intimkonsert i Amfisalen!

Billettar til Elin Furubotn / Torbjørn Økland

  1. Søn 23. sep kl 17:00 Moster Amfi,amfisal Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_