1

Il sogno di Arlecchino - Mondonovo Cultura

I sommar kan du igjen oppleva ekte italiensk teater i Moster Amfi med alt som høyrer med; dramatikk, romantikk og humor, flotte kostymer og fin musikk!

Italia er kjend for flotte amfiteater og teatersjangeren Commedia dell’Arte har lange tradisjonar. Denne teaterframsyninga er eit resultat av kulturutveksling mellom Moster Amfi og Mondonovo Cultura i Venezia.

Il sogno di Arlecchino (Arlecchino’s dream) er ein versjon av Shakespeare’s «Ein midtsommarnatts drøm» spela i Commedia dell’Arte stil. Handlinga utspelar seg i byen Athen og skogane rundt og det er bryllupsførebuingar på gang.

Me føl forviklingane som oppstår ved at Hermia elskar Lysander i staden for Demetrius som far hennar har utpeikt som framtidig ektemann. Samstundes elskar Hermias beste venn Helena, Demetrius, men han har kun auge for Hermia. Historia blir ytterligare komplisert av at dei alle blir offer for maktkampen mellom alvedronninga Titania og alvekongen Oberon.

_
_
_