1

Moster 2024 seminar

Foredrag ved Torgeir Lando, førsteamanuensis NLA Høgskulen, samfunnsfagseksjonen
Kulturelt program
Møteleiar: Svein Arne Theodorsen, styreleiar i Moster Amfi

«Mostratinget, Olav den heilage og kristenrettane»

Mostratinget i 1024 var truleg startskotet for ei gjennomgripande samfunnsomforming. Ved dette vedtaket vart kristendommen for alvor knesatt, og fekk sidan gradvis og i stadig meir organiserte former gjennomsyra samfunnet.

Kva for reglar stod på dagsorden på sjølve Mostratinget?
Og kva rolle spela Olav den heilage i dette?

Foredraget diskuterer tilhøvet mellom dei eldste kristenrettane; lovtekstane som vart nedskrivne i etterkant av Mostratinget, og sjølve Mostratinget. Vedtaket på Mostratinget vart etter alt å døma formidla munnleg, inn i eit skriftlaust samfunn med eit fåtal geistlege utan nokon kyrkjeorganisasjon i ryggen. Både praktiske og pedagogiske omsyn talar for at ein ikkje kunne gå for detaljert til verks under slike tilhøve. Kva for føresegner har ein då konsentrert seg om? Og kva for kristendoms- og røyndomsforståing kjem til uttrykk gjennom desse?

Torgeir Landro er middelalderhistorikar.
2006 – 2012 Senter for middelalderstudiar (CMS) ved universitetet i Bergen, først doktorgradsstipendiat, deretter postdok-stipendiat.
2010 Ph. d. i historie med tittelen: «Kristenrett og kyrkjerett – Borgartingskristenretten i eit komparativt perspektiv».

_
_
_