Syng våren inn! - Bømlo Kormix

Eit sikkert vårteikn er den årlege «Syng våren inn» konserten i Moster Amfi.
I år er det Bømlo Kormix som tar turen til Moster for å ynskja våren velkommen og publikum får som tidlegare år høve til å vera med på allsong saman med koret!

Bømlo Kormix er eit blandakor som vart etablert i 1995 og har idag rundt 30 aktive medlemmer. Koret har gjennom åra hatt fleire ulike dirigentar, men dei siste åra er det Maria Malmsten som har leia koret.

Repertoaret er variert, og spenner frå folkemusikk og sakrale stykke, til nyare og eldre populærmusikk. På årets konsert byr Bømlo Kormix på kjente, fengande slagerar frå 60- og 70-talet, med og uten klaver. Ved klaveret sit Tone Synneve Myklebust, som til dagleg er pianolærer ved Bømlo kulturskule.

Rens gullstrupen og bli med oss på ein hyllest til våren!

_
_
_