1

Tre Visne menn og ei solstråle

Lar livet passera revy.

Bli med inn i ein jordnær og til dels absurd kvardag med John Skien, Torolf Nordbø, Tor Øyvind Skeiseid og Rita Fotland Bøe. Dei tre førstnemnde er både generasjonskrasj, motsetningar og ein salig blanding av historier og skråblikk på oppvekst og levd liv. Men, me Rita som ein trådtrekkjar endar det godt til slutt. Kvartetten og bassist Halvard Josefsen har i over eit år reist rundt og spelt for fulle hus i Ryfylke, på Jæren og i Nord-Rogaland. Nå kjem turen til Bømlo og Langevåg Bygdetun, sjølvsagt med sunnhordlandske sidekommentarar. John Skien er for mange kjent som programleiar og reporter i NRK Rogaland og ikkje minst i Norge Rundt. Ingen har leia fleire Norge Rundt-program enn John, og det toppa seg i 2001 då han song «Please release» me i beste sendetid for over ein million sjåarar. Sjå opp for come-back! Torolf Nordbø er visesongar og underhaldar frå Finnøy, også kjent som Han Innante. Torolf er den som serverer alt frå vakre, gripande viser til den som opnar gapskratten totalt hjå publikum. Denne gongen møter også Han Innante den noko eldre Halvard K. Gleppupp, som er John Skien sitt alter ego. Tor Øyvind Skeiseid er tidlegare programleiar og reporter i NRK Rogaland, som i fleire år jobba i lag med John. Nå driv Tor Øyvind kulturbedrifta Ryfylke Livsgnist, der han vekslar mellom å vera skodespelar, underhaldar, guide, arrangør og historieforteljar. På same alder er Rita Fotland Bøe, solstrålå frå Jæren, som har flytta til Ryfylke. Ingen trakterer eit trekkspel meir leikande enn Rita og få syng vakrare og med meir utstråling enn henne.
Det er berre til å gleda seg til to heftige timar!

_
_
_